KnarvikMila - eit gullsertifisert gateløp!
Knarvik Maraton og KnarvikMila er gullsertifiserte gateløp!
I KnarvikMila har vi alltid eit mål om å gjennomføra med høgast mogleg kvalitet - og no har vi fått bevis på at vi klarar nettopp det!
KnarvikMila har for 2024 blitt klassifisert som gullsertifisert gateløp i Norges Friidrettforbund si kvalitetsstempelordning for 5 av gateløpa og distansane våre.
NFIF har oppretta kvalitetstempelordninga "slik at arrangørene kan klassifisere sitt arrangement. Kvalitetsstempelet vil gi en indikasjon over arrangementets nivå samt gjøre det lettere for deltakere å finne arrangement som passer egne ambisjoner. Klassifiseringen er delt inn i følgende typer: Gull, sølv, bronse. Gullstempel er godkjent som kvalifiseringsløp, rankingpoeng, bestenoteringer, norsk rekord og verdensrekord" (frå www.friidrett.no).
Gullstempelet har 11 konkrete krav som arrangørane må oppfylle for å få sertifiseringa. 2024 er første året det har vært mogleg å søke om gullstempel.
KnarvikMila har fått gullstempelet på desse distansane;
Av dei kun 6 gateløpa som står på terminlista med gullstempel i dag, har KnarvikMila 2 av dei; Knarvik Maraton og KnarvikMila med til saman 5 distansar.
Kva betyr dette for deg? Du kan vere trygg på at du deltek i eit løp som gjennomførar etter dei høgste kvalitetskrava som er for gateløp i Norge.
Velkommen til ein topp løpsoppleving under Knarvik Maraton i juni og KnarvikMIla i september 2024!