HalvMaraton - lørdag 6. september - start kl 1030!

Årets utfordring! Er du med?

Fin fart i flotte løyper- Foto: Kjell Vigestad / Kondis

KnarvikMila HalvMaraton vert arrangert for 17. gong i 2025. Traseen er bilfri og du kan glede deg til å ha flott natur i augesynet undervegs. Aldersgrense 15 år.

Dato: lørdag 6. september - NB! Start: 10:30

Premiering: Det er pengepremiar til tre beste kvinner og menn uansett klasse.Oversikt over pengepremiar finn ein her.

NB! Det vert delt ut premie til alle klassevinnarar. Det er desse klassane:

Ungdom/junior: 15–17, 18–19, 20–22 år.
Senior: 23–34 år.
Veteran: Det er 5-årsklassar for veteranar – frå 35 år og oppover.

FJORDVIKING

Knarvikmila halvmarathon inngår i FjordViking. Deltek du på 5km, 10km, og halvmarathon er du Fjordviking og får ein eigen premie.

DRIKKESTASJONAR
Det er 12 drikkestasjon i løypa.

For meir løpsinformasjon.


Lars Lund og Marius Garmann Sørli i fint driv i dei nye raske løypene


Flott T-skjorte til alle klassevinnarane på 5km, 10km og halvmarathon - Her halvmarathon.

Fine løyper i flott terreng i Brekkeløypa

Løypekart - DET ER 4 RUNDER I ei løype på 5.275m

NB!NY løype. På vegar i Knarvik og inn i Brekkeløypa. Ein spring ei løype på 5.275m 4 gonger.

Beskrivelse av løypa

Løypa på Halvmarathon har start og mål på same plass inne på Knarvik Stadion. Løypa går på vegar i Knarvik og inn i Brekkeløypa. I Brekkeløypa er det grus. Resten av Løypa er på asfalt. Det er 8 drikkestasjonar på løypa. Etter målgang inne på Knarvik stadion er det vatten og bananer.  Løypa er godt merka og det er ca 20 løypevakter i løypa. Røde Kors vil også vere på plass på Knarvik Stadion og i løypa. Løypa vil vere bilfri.  MERK! Halvmarathon er 4 runder i 5km løypa. I tilleg kjem 1097m inn på gangvegen mot Gjervik.

Beskrivelse av den nye løypa:

Start på Knarvik Stadion , ein spring så opp mot Ungdomsskule og inn på parkeringsplassen og inn på gangveg inn i Juvikstølen, så ut i Lonevegen. Ned Lonevegen forbi Knarvik Stadion og inn i Brekkeløypa (østre inngang). Etter runden i Brekkeløypa spring ein ut i Lonsvelen i retning E39. Når ein kjem bort mot E39 går løypa inn på gangvegen mot Gjervik på venstre side av gangveg. Etter ca 240m på gangveg snur løypa og ein spring tilbake på motsett side av gangveg. Ved gravplassen spring ein inn på fortauet over Lonsvegen og tar i retning Knarvik Stadion og mål. Same løypa 4 ganger.

GPX-Fil av løypa