NaturMila søndag 7. september
Del ei aktiv stund – gå med dei du er glad i.
NB! Ein kan melde seg på Naturmila heilt fram til og med søndag 8. september.
UNNGÅ ETTERPÅMELDING I NORHORDLANDSHALLEN SÅ LANGT DET ER MOGLEG.
NaturMila vert gjennomført søndag 8. september. I 2024 vert det ikkje Stolpejakt, berre ei heilt normal Naturmil med fleire ulike alternativ og med aktiviteter i løypene. Det er ikkje tidtaking og det er ingen nedre aldersgrense. Det er enkeltpåmelding eller familiepåmelding med rabatt når det er fleire enn 2 deltakarar.
Dato : søndag 7. september
Start : mellom kl 0930 og 1300. Postane er bemanna til kl. 1300. Alle må vere i mål til kl 1330, for å vere med i trekninga om hovudpremiane.
Det vert fleire alternative rutar. Ein vel sjølv kva alternativ ein vil velgje. Alle turane har start og mål på Knarvik stadion, er innom Brekkeløypa, “Gamleskulen” og evt. Indregardsfjellet.
Det vil vere fleire ulike aktivitetar, quizer ol. på ulike postar i løypa. Uansett aldar vil alle finne noko som passar!
OBS!
Gavekort kr.10.000 kun for Naturmila!
Eit gavekort på kr. 10 000 blir trekt blant alle som deltek på NaturMila. Trekninga skjer på avslutninga søndag 8. sept. ca. kl. 1500.
Premiar trekt på Startnr.
Andre premiar som bagger, sekkar ol vert trekt på startnr.
Ein kan finne trekningslista i Nordhordlandshallen når messa er open på søndag 8. september.