Stolpejakten Knarvikmila 4. - 7. september.

Under Knarvikmila vert det eigen stolpejakt.

Er du ein av dei mange ivrige stolpejegarane i Stolpejakten? NaturMila kan også gjennomførast som ein eigen stolpejakt frå torsdag til søndag. Det vert sett opp stolpar i området rundt Knarvik Stadion, stolpar som berre vil vera tilgjengeleg for dei som er påmeldt på NaturMila. Dei som tek alle stolpane i området desse dagane, vert med i trekninga om ein ekstra premie på kr. 10 000.

Stolpejakten vil opna torsdah 4. desember kl 0800 og stenger søndag 7. september kl 1400.

Slik blir du med på stolpejakten Knarvikmila.

Ein MÅ vere meldt på Stolpejakten/Naturmila for å delta på stolpejakten.

Last ned appen «Stolpejakten» gratis på App Store eller Google Play til din smarttelefon og ta med telefon på tur. Det kan vera lurt å lasta ned app og ønska kartområde medan ein er tilknytt WIFI (Stolpejakten Knarvikmila). Skann QRkodane på stolpane du finn med appen. Stolpar som vert registrerte med appen vert synkroniserte med heimesida når den er kopla til internett. NB: Dersom du lastar ned appen, treng du ikkje å ta med kartet, då alle sonekarta er tilgjengelege på appen.