NM - Marathon 2024 22. juni

AKS-77 i samarbeid med Knarvikmila skal arrangere NM-Maraton 22. juni 2024 , med start og mål på Knarvik Stadion. NM Maraton vil vere ein del av Knarvik Maraton, der ein også arrangerer Maraton og Halvmaraton. Knarvik Maraton er open for alle. NM-Maraton er berre for dei som er medlem i ein friidrettsklubb.

NM-Maraton er for alle klasser frå 18 - Veteran. Knarvik Maraton er for alle klasser frå 18 - Vetran på Maraton og frå 15 - Veteran på Halvmaraton.

Ein kan lese meir om Knarvik Maraton og NM-Maraton her.

Løypekart

Knarvik Maraton og NM-Maraton vil ha start og mål på Knarvik Stadion. Løypa går i området rundt Knarvik Stadion. På maraton er det 8 runder i same løype og på halvmaraton er det 4 runder. Dette gjer at ein får eit svært kompakt arrangement. Det blir tett mellom kva drikkestasjon og muligheit for toalettbesøk. Ein ligg også opp til “self serve” inne på Knarvik Stadion.

Knarvikmila Admin