Naturmila /Stolpejakten

NaturMila vert også i år gjennomført som ein kombinasjon av NaturMila og Stolpejakten i perioden 1. september til 5. september. Ein har valgt å ha Naturmila/Stolpejakten over ein periode på 5 dagar , slik at ein unngår oppsamling av deltakarar. Merk! Ein stolpe er plassert i Nordhordlandshallen. Den kan ein berre nå i tida når Nordhordlandshallen er open i samband med messa under Knarvikmila. Messa er open fredag 3. september kl 16-20 og lørdag 4. og søndag 5. september kl 10-16.

For å vere med i trekninga om bilen og dei endre flotte premiane er det nok å ha vore på 2 stolper og registrert som deltakar på Naturmila.

Vil ein vere med i trekninga om kr. 10.000 må ein ha vore innom alle 10 stolpane som er med i denne stolpejakten og registrert som deltakar på Naturmila.

Kart vert klar for nedlansting til app 1. september kl 0600.

Meir om Naturmila- Stolpejakten finn ein her.

NB! Ein kan melde seg på Naturmila heilt fram til og med søndag 5. september kl 14.

Knarvikmila Admin